Hopp til innhald

Symjesnipe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Symjesnipa)
Symjesnipe
Symjesnipe, Phalaropus lobatus
Symjesnipe, Phalaropus lobatus
Utbreiing og status
Status i verda: LC Livskraftig
Status i Noreg: NT Nær truga[1]Utbreiinga av Symjesnipe
Utbreiinga av Symjesnipe
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Orden: Vade-, måse- og alkefuglar Charadriiformes
Familie: Snipefamilien Scolopacidae
Slekt: Phalaropus
Art: Symjesnipe P. lobatus
Vitskapleg namn
Phalaropus lobatus

Symjesnipe (Phalaropus lobatus) er ein liten vadefugl og sjøfugl. Arten hekkar i arktiske strøk av Nord-Amerika og Eurasia. Symjesnipa er trekkfugl, til likskap med polarsymjesnipa er ho pelagisk og overvintrar på tropiske hav.

Symjesnipa er ca. 18 cm i lengd, har «symjeflikar» mellom tærne og eit rett, tynnt nebb. Hekkande hofuglar er mest mørkegrå på oversida, med ein kastanjefarga nakke og øvre bryst, svart andlet og kvit strupe. Hannen har meir avdempa farger. Ungfuglar er grå og brune på oversida, med brungul underside og svart augeflekk og svart isse. Om vinteren har fjørdrakta er grå over og kvit under, kvita band på oversida, men den svarte augeflekken er alltid til stades. Lyden er skarpe tjikk.

Hos alle tre symjesnipeartar, Phalaropus, finn ein at kjønnrollene er omvendte i forhold til det vanlege hos fuglar, dei har poliandrisk sosialt system. Hoene er større med flottare fargeprakt enn hannane. Hoene jagar hannfuglar, konkurrerer om territorium, og er aggressive i å verne reir og valde makar. Etter at egglegginga er avslutta, startar hoene kurtisering av nye hannar for å få fleire kull, og lèt hannane ruge egga og gje omsorg for avkommet. Kvart kull er på tre til sju egg som leggast på bakken nær eit myrlendt område. Ungane er stort sett i stand til å finne føda sjølv og kan flyge innan 20 dagar etter klekkinga.

Ein har funne at symjesniper frå øyar i Nord-Atlanteren, slik som Færøyane, trekker vestover og overvintrar i nordlege Perustraumen utanfor Peru[2]

Når symjesnipa jagar føde, sym ho raskt rundt i sirklar. Insekt og krepsdyr som er innanfor plukkast opp. På ope hav finn ein ofte symjesniper der det er konvergerande havstraumar som gjev oppvellingar. Under trekket sørover tar somme flokkar stopp i ope farvatn ved munningen av Fundybukta for å dra nytte av mat som rørast opp av tidevatnet.

Denne arten nyttar nesten all tid utanom hekkinga til havs. Fuglane er ofte særs tamme og enkle å komme nær.

Symjesnipa hekkar i fjellet i Noreg, i Nord-Sverige og i Nord-Finland. Desse fuglane trekker austleg i retning Svartehavet og overvintrar i Arabiahavet.

Den globale populasjonen er estimert til å ligge i området 3,6 til 4,5 millionar individ og er minkande. IUCN har kategorisert arten som livskraftig (LC).[3] Færre enn 250 individ hekkar på Svalbard. Svalbard-bestanden er lista i kategorien sårbar, på fastlands-Noreg var estimet til færre enn 30 000 individ i 2015, minkande, og lista som nær truga (NT).[4]

Symjesnipeegg
Referansar
  1. Artsdatabanken Raudliste faktaark symjesnipe Phalaropus lobatus (Linnaeus, 1758) Henta 11. desember 2010
  2. van Bemmelen RSA, Kolbeinsson Y, Ramos R, Gilg O, Alves JA, Smith M, Schekkerman H, Lehikoinen A, Petersen IK, Þórisson B, Sokolov AA, Välimäki K, van der Meer T, Okill JD, Bolton M, Moe B, Hanssen SA, Bollache L, Petersen A, Thorstensen S, González-Solís J, Klaassen RHG and Tulp I (2019) A Migratory Divide Among Red-Necked Phalaropes in the Western Palearctic Reveals Contrasting Migration and Wintering Movement Strategies. Front. Ecol. Evol. 7:86. https://doi.org/10.3389/fevo.2019.00086
  3. BirdLife International (2021) Species factsheet: Species factsheet: Phalaropus lobatus Henta 11. desember 2021
  4. Dale S, Jacobsen K-O, Lislevand T, Solvang R, Stokke BG og Strøm H (2021, 24. november). Fugler: Vurdering av svømmesnipe Phalaropus lobatus for Norge. Norsk rødliste for arter 2021. Artsdatabanken. Henta 11. desember 2021

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Symjesnipe