Kjønnshormon
Kjønnshormon eller seksualhormon er hormon som regulerer dei seksuelle funksjonane og utviklinga av sekundære kjønnskjenneteikn i virveldyr. Produksjonen av kjønnshormon blir regulert av hypofysen. Hormona blir danna naturleg i gonadar (eggstokkar eller testiklar), i binyrene eller ved å konvertera andre hormon i leveren eller feittvev.
Både mannlege og kvinnelege kjønnshormon blir produsert av begge kjønn, men i ulike mengder. Mannlege kjønnshormon blir kalla androgene hormon, der testosteron er det viktigaste. Kvinnelege kjønnshormon omfattar østrogen og progesteron.
Typar
[endre | endre wikiteksten]Kjønnshormon blir gjerne delt inn i to eller tre typar. Dei to typane er androgen og østrogen, men ofte vil ein skilja progestagen frå den siste gruppa. Hjå menneske finn ein naturleg berre progesteron frå progestagengruppa. Androgen er rekna som mannlege kjønnshoromn sidan dei har maskuliniserande effekt, medan østrogen og progestagen er rekna som kvinnelege.
Bruk som medikament
[endre | endre wikiteksten]Ein kan bruka preparat med ulike kjønnshormon som medikament til ulike føremål.
Testosteron kan brukast for å erstatta sviktande produksjon av hormonet i menn, til dømes ved sjukdom i hypofysen eller testiklane. Hormonet kan saman med andre syntetiske anabole steroidar brukast til doping, som kan føra til muskelvekst, men som ved uregulerte, ofte svært høge doseringar kan medføra fare for sjukdom, forstyrring av forplantingssystemet og psykiske problem.
Østrogen har vore brukt for å erstatta sviktande produksjon i eggstokkane og i samband med overgangsalderen. Denne siste hormonbehandlinga kan ha både positive og negative helseeffektar – medan ho motverker typiske overgangsalderplager og osteoperose, kan nokre former for behandling føra til auka risiko for hjarte-karsjukdommer, demens og nokre former for kreft.
Østrogen, progesteron og syntetiske gestagen kan brukast i ulike former for prevensjon, som p-piller, p-sprøyter, hormonplaster, hormonimplantat og nødprevensjon. Nokre av desse bruker syntetisk østrogen, gjerne i kombinasjon med progesteron, andre bruker berre progesteron. Desse preparata minsker sjansen for å bli gravid gjennom å minka sjansen for eggløysing, gjera livmorhalsen mindre gjennomtrengeleg for sædceller eller gjera livmora mindre mottakeleg for befrukta eggceller.
Bakgrunnsstoff
[endre | endre wikiteksten]Kjelder
[endre | endre wikiteksten]«kjønnshormoner» i Store norske leksikon, snl.no. «kjønnshormoner (SML-artikkel)» i Store norske leksikon, snl.no.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Hormone replacement therapy (menopause)» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2011.
- Delar av denne artikkelen bygger på «Sex steroid» frå Wikipedia på engelsk, den 27. februar 2011.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Comparative metabolism of female sex steroids in normal and chronically inflamed gingiva of the dog[daud lenkje] T. M. A. ElAttar11Department of Biochemistry, University of Missouri-Kansas City School of Dentistry, Kansas City, Missouri, U.S.A. and Department of Periodontology, The Institute for Postgraduate Dental Education, Jönköping, Sweden and A. Hugoson, Department of Biochemistry, University of Missouri-Kansas City School of Dentistry, Kansas City, Missouri, U.S.A. and Department of Periodontology, The Institute for Postgraduate Dental Education, Jönköping, Sweden, Department of Biochemistry, University of Missouri-Kansas City School of Dentistry, Kansas City, Missouri, U.S.A. and Department of Periodontology, The Institute for Postgraduate Dental Education, Jönköping, Sweden<
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene: