Hopp til innhald

Unserdeutsch

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Unserdeutsch
Unserdeutsch
Klassifisering Kreolspråk
 Tyskbasert
Bruk
Tala i Papua Ny-Guinea og Australia.
Unserdeutschtalande i alt 100 (1985) [1]
Språkkodar
ISO 639-3 uln

Unserdeutsch («vårt tysk») er eit kreolspråk med opphav frå Rabaul i Papua Ny-Guinea. Det er det einaste kreolspråket med tysk opphav. [2] Språket oppstod omkring 1897 blant barn som gjekk på ein katolsk misjonsskule i Vunapope, ein bydel i Kokopo (som då het Herbertshöhe) i dåvarande Tysk Ny-Guinea. Barna på denne barneheimen var av blanda opphav, mange av dei hadde tysk far. Etter at Papua Ny-Guinea vart sjølvstendig nasjon, valde dei fleste unterdeutschtalande å flytte til Australia. I dag er ikkje språket brukt av meir enn 100 menneske, og dei fleste av desse er tospråklege.

Substantiv blir ikkje inndelte i grammatsik kjønn. Den bundne artikkelen er alltid «de» – som i de Mann, de Frau, de Haus. I unserdeutch blir ordet «alle» brukt for å markere fleirtal: «Alle Kinder muss ni geht schwimmen» (høgtysk: Die Kinder sollen nicht schwimmen gehen). Spørjeord står sist i setningane: «Du laufen geht wo?» (Wohin läufst du?).[3] Mange einskildord er henta frå engelsk, til dømes «aufpicken», av pick up i staden for det tyske abholen.