Johnny Giles
Johnny Giles | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 6. november 1940 (83 år) Dublin |
Idrett | fotball |
Utmerkingar | English Football Hall of Fame |
Michael John Giles, kjend som Johnny Giles, (fødd 6. november 1940) er ein irsk tidlegare fotballspelar frå Dublin, særleg kjend for sine tolv år som midtbanespelar i Leeds United. Han var ein kreativ spelar, viktig i det offensive spelet til Leeds.
Klubbspel
[endre | endre wikiteksten]Giles spelte på Manchester United frå 1959 til sommaren 1963. I sin siste obligatoriske kamp for Manchester-laget var han med å vinne FA-cupen på Wembley stadion i London, der Leicester City måtte tole tap 1-3. Mot £33,000 vart Giles i august 1963 overført til Leeds United, ein klubb som i hans fyrste sesong rykte opp frå 2. divisjon. Det neste tiåret danna han og lagkapteinen Billy Bremner ein av dei beste midtbaneduoane i britisk fotball. Frå 1968 til -74 vann Giles og Leeds to gongar messebycupen, og likeså den engelske ligameisterskapen. Dessutan triumferte Leeds i ligacupen 1968 og FA-cupen 1972. Derimot rauk Leeds på eit sensasjonelt finaletap mot Sunderland FC i FA-cupen 1973. Våren 1975 tok Leeds seg til finalen i europacupen, der laget tapte 0-2 mot Bayern München. Nmnde finalekamp var Giles' siste i Leeds-drakt. Pussig nok skåra han nøyaktig like mange mål for Leeds som Billy Bremner, 115 i alt. I juni 1975 tok Giles jobb som spelande trenar for West Bromwich, ein klubb som året etter rykte opp i 1. divisjon. Deretter hadde han perioden 1977-83 same stilling i Shamrock Rovers i heimlandet.
Landslagsspel og landslagssjef
[endre | endre wikiteksten]Giles spelte 59 landskampar frå debuten 1. november 1959, til dess han takka av 22. mai 1979. I debutkampen mot Sverige reduserte han til 1-2 i ein kamp Irland vann 3-2. Han var kaptein på landslaget i 1968, fast kaptein frå 1970. Gjennom 31 kampar leia han laget på bana, eit landslag som aldri kvalifiserte seg til ei større turnering i hans aktive tid. Giles skåra fem mål for Irland, mellom anna då Noreg i 1964 tapte ein vennskapskamp på eiga heimebane med siffera 1-4.
Frå 1973 til 1980 var Giles i tillegg sjef for det irske landslaget.
Merittar
[endre | endre wikiteksten]- Vinnar av messebycupen: 1968 og 1971 med Leeds United
- Engelsk ligameister: 1969 og 1974 med Leeds United
- Vinnar av FA-cupen: 1963 med Manchester United og 1972 med Leeds United
- Vinnar av ligacupen: 1968 med Leeds United
- Finalist i europacupen: 1975 med Leeds United
- Finalist i FA-cupen: 1965, 1970, 1973 med Leeds United
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Johnny Giles» frå Wikipedia på engelsk, den 23. februar 2019.