Landsorganisasjonen
Landsorganisasjonen | |||
Landsorganisasjonen held til i Folkets Hus på Youngstorget i Oslo. | |||
Type | Hovudsamanslutning av 24 fagforbund | ||
---|---|---|---|
Skipa | 1.april 1899 som Arbeidernes faglige landsorganisasjon | ||
Hovudkontor | Yougsgate 11, Oslo | ||
Leiar | Peggy Hessen Følsvik | ||
Medlemmer | 897 740 (i 2013) | ||
Lokale ledd | Distriktskontor i alle fylke | ||
Internasjonal tilknyting | ITUC | ||
Nettstad | www.lo.no/ |
Landsorganisasjonen (LO) er den største hovudsamanslutninga av fagforbund i Noreg. Desse fagforbunda omfattar igjen ei rad fagforeiningar. I LO-familien er det 24 fagforbund, som til saman har over 900 000 medlemmer.
Medlemskap i LO er ope for alle, same kva politisk syn dei har, men historisk er LO ein del av den sosialistiske arbeidarrørsla og har eit politisk program basert på sosialdemokratiske tankar.
Historie
[endre | endre wikiteksten]Gjennom den industrielle revolusjonen på 1800-talet vart det skapt ei heilt ny samfunnsklasse; arbeidarklassa. Denne hadde i byrjinga få eller ingen rettar, og etter kvart vart trongen til organisering sterkare for å rette på dette. I 1870-åra såg dei første fagforeiningane dagens lys. LO vart stifta den 1. april 1899 under namnet «Arbeidernes faglige landsorganisasjon», som i 1957 endra namn til Landsorganisasjonen i Norge.
Dei første åra var dei viktigaste krava til fagrørsla 8 timars normalarbeidsdag og aksept av organisasjonsretten og retten til kollektive tariffavtalar. Ikkje før Hovudavtalen kom i 1935, samtidig med at Johan Nygaardsvold skipa den første varige regjeringa utgått av DNA, vart det ordna tilhøve i heile arbeidslivet, der rettane og pliktene til motpartane vart slegne fast.
LO har alltid hatt sterke band til Arbeidarpartiet, tidlegare blant anna gjennom at fagforeiningar hadde kollektive medlemskap i DNA. Sjølv om dei formelle banda har blitt svakare har LO og AP framleis tette band, for eksempel ved LOs valkampbidrag og representasjon i AP sitt sentralstyre. Dette har blitt kritisert frå fleire hald.[treng kjelde]
Organisering
[endre | endre wikiteksten]LO er ei hovudsamanslutning av ei rad fagforbund. Fagforbunda omfattar gjerne ei eller fleire yrkesgrupper; eit døme på dette er Hotell- og restaurantarbeidarforbundet. Enkelte fagforbund omfattar fleire yrke, til dømes Handel og Kontor i Noreg.
På den einskilde arbeidsplassen er arbeidstakarane organisert i klubbar, som i eit geografisk avgrensa område til saman utgjer ei fagforeining, og desse fagforeiningane er igjen medlem av dei landsomfattande fagforbunda. I alt er 21 ulike fagforbund tilslutta hovudsamanslutninga LO (sjå liste).
LO sine 860 000 medlemmar tilsvarer 35 % av lønnstakarane i landet. Avgjerdsorgana i LO-systemet består av Kongressen som møtest kvart fjerde år, representantskapet som møtest normalt to gonger årleg og sekretariatet som vanlegvis møtest kvar måndag. LO si valde leiing består av seks personar. Desse opptrer på vegne av organisasjonen og medlemmene i kontakt med arbeidsgjevarane og styresmaktene.
Gerd-Liv Valla vart vald til den første kvinnelege leiaren av organisasjonen på LO-kongressen i 2001, og vart gjenvald på kongressen i mai 2005. Ho trekte seg 9. mars 2007 etter granskinga av Yssen-saka. Nestleiar Roar Flåthen vart konstituert leiar, og seinare vald til ny leiar. Etter at Flåthen gjekk av i 2013, vart Gerd Kristiansen vald til ny leiar. I 2017 vart Hans-Christian Gabrielsen ny leiar.
Medlemsforbund pr. juli 2011
[endre | endre wikiteksten]- Arbeiderbevegelsens Presseforbund (APF)
- EL & IT Forbundet
- Fagforbundet
- Fellesforbundet
- Fellesorganisasjonen (FO)
- Forbundet for Ledelse og Teknikk (FLT)
- Handel og Kontor i Norge (HK)
- Industri Energi (IE)
- Musikernes fellesorganisasjon (MFO)
- Norges Offisersforbund (NOF)
- Norsk Arbeidsmandsforbund (NAF)
- Norsk Fengsels- og Friomsorgsforbund (NFF)
- Norsk Jernbaneforbund (NJF)
- Norsk Kjemisk Industriarbeiderforbund (NKIF)
- Norsk Lokomotivmannsforbund (N.L.F.)
- Norsk Manuellterapuetforening
- Norsk Nærings- og Nytelsesmiddelarbeiderforbund (N.N.N.)
- Norsk Post og Kommunikasjonsforbund
- Norsk Sjømannsforbund (NSF)
- Norsk Tjenestemannslag (NTL)
- Norsk Transportarbeiderforbund (NTF)
- Norsk Treindustriarbeiderforbund (N.T.A.F.)
- Norske Idrettsutøveres Sentralorganisasjon (NISO)
- Skolenes Landsforbund (SL)
LO-leiarar
[endre | endre wikiteksten]- 1899-1900: Hans G. Jensen
- 1900-1901: Dines Jensen
- 1901-1904: Adolf Pedersen
- 1904-1905: Joh. Johansen
- 1905-1906: Adolf Pedersen
- 1906-1925: Ole O. Lian
- 1925-1934: Halvard Olsen
- 1934-1939: Olav Hindahl
- 1939-1965: Konrad Nordahl
- 1965-1969: Parelius Mentsen
- 1969-1977: Tor Aspengren
- 1977-1987: Tor Halvorsen
- 1987-1989: Leif Haraldseth
- 1989-2001: Yngve Hågensen
- 2001-2007: Gerd-Liv Valla
- 2007-2013: Roar Flåthen
- 2013-2017: Gerd Kristiansen
- 2017-2021: Hans-Christian Gabrielsen
- 2021-: Peggy Hessen Følsvik
Under den andre verdskrigen gjekk Landsorganisasjonen i illegalitet. Leiarar for det «legale» LO, den delen av organisasjonen som aksepterte samarbeid med okkupasjonsmakta, var:
- 1940: Elias Volan
- 1940-1941: Jens Tangen
- 1941-1945: Odd Fossum
- 1945: Kåre Rein