Éjina
Éjina (gresk skrift Αίγινα) eller Aegina er ei av Dei saroniske øyane i Saroniabukta i Hellas, 50 km frå Athen. Tradisjonen seier at namnet kjem av Aigina, mor til Aiakos som var fødd på og herska over øya. Øya er ein kommune i periferieininga Øyane i periferien Attikí.[2] Administrasjonssenteret er Éjina by, som ligg på den nordvestlege enden av øya. På grunn av plasseringa i forhold til Athen er øya ein populær utfartsstad i sommarmånadane, og mange atenarar eig sommarhus her.
Éjina Lokalt namn Αίγινα | |
---|---|
Hamna i Éjina | |
Geografi | |
Stad | Saroniabukta i Egearhavet |
Koordinatar | 37°45′N 23°26′E / 37.750°N 23.433°E |
Øygruppe | Dei saroniske øyane
|
Areal | 87,41 km²
|
Høgaste punkt | Óros (532 moh.)
|
Administrasjon | |
Land | Hellas |
Periferi Periferieining |
Attikí Øyane |
Største busetnad | Éjina by (6 633 innb.)
|
Demografi | |
Folketal | 12 911 (2021[1]) |
Folketettleik | 147,7 /km² |
Geografi
endreÉjina har ei trekanta form med eit areal på 87 km². Øya er 13 km lang frå nordvest til søraust og 15 km brei.
To tredelar av Éjina er ein utdøydd vulkan. Den nordlege og vestlege sida består av steinete, men frodige sletter, der ein mellom anna dyrkar korn, bomull, vinranker, mandel, oliven og fiken, men mest karakteristisk er pistasje. Økonomisk er òg fiske etter svampar viktig.
Den sørlege, vulkanske delen av øya er kupert og berglendt, og stort sett aude. Den høgaste toppen er Óros i sør. Ein fjellrygg strekkjer seg nordover derifrå med smale, frodige dalar på kvar side.
Strendene på øya er ein populær turistattraksjon. Båtar frå Athen kan nå øya på 20 minutt, men vanlege ferjer bruker opp mot ein time.
Byar og tettstader
endreDei største byane og tettstadene i kommunen er:
Tettstad | Folketal 2011[3] | Folketal 2021[1] |
---|---|---|
Éjina by | 6 867 | 6 633 |
Kypséli | 2 124 | 2 166 |
Vathý | 1 495 | 1 449 |
Pérdika | 680 | 699 |
Mesagrós | 575 | 679 |
Dei andre busetnadene på øya er:
|
|
|
|
Småøyar i kommunen:
- Eleoúsi (Lagoúsa) (0)
- Panajítsi (Lagousáki) (0)
- Stakhtorroí (0)
- Ypsilí (0)
- Moní (0)
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 Folketeljing 2021
- ↑ Νόμος 3852/2010 - ΦΕΚ 87Α/7-6-2010
Lov 3852/2010: Kallikratis-reforma, arkivert frå originalen 30. juli 2023, henta 7. september 2023 - ↑ Folketeljing 2011, revidert
- Denne artikkelen bygger på «Aegina» frå Wikipedia på engelsk, den 23. juli 2007.