Zürich
Zürich er den største byen i Sveits og har 372 047 innbyggjarar (2010) og eit areal på 92 km². Han er hovudstad i kantonen Zürich, og er det viktigaste kommersielle senteret i Sveits. Zürich er ein leiande global by og eit av dei største finanssentera i verda.[2] I følgje undersøkingar frå 2006 til 2008 var Zürich den byen i verda med høgast levestandard, og den mest velståande byen i Europa.[3][4][5] Byen er eit trafikknutepunkt for vegar, jernbane og luftfart. Både lufthamna og jernbanestasjonen i byen er dei største og travlaste i landet.
Zürich | |||
by | |||
|
|||
Land | Sveits | ||
---|---|---|---|
Distrikt | Zürich | ||
Del av | Greater Zurich Area, Q95080684, Zürich storbyområde, Kantonen Zürich | ||
Areal | 87,88 km² | ||
Folketal | 447 082 (31. desember 2023)[1] | ||
Språk | tysk | ||
ISO 3166-2 kode | CH-ZH | ||
Postnummer | 8000–8099 | ||
Zürich 47°22′28″N 8°32′28″E / 47.374444444444°N 8.5411111111111°E | |||
Wikimedia Commons: Zürich |
Geografi
endreZürich ligg i naturskjønne omgjevnader ved Zürichsjøen og elva Limmat. Byen ligg 408 moh., om lag 3 mil nord for Alpane, som ein kan sjå herfrå. På aust- og vestsida av byen ligg skogkledde åsar. Lindenhof er det historiske og geografiske senteret i byen; den har vore folkesett sidan steinalderen. Byen var lenge avgrensa av kanalen Schanzengraben. I dag strekkjer busetjinga seg utover i dalane Glatttal og Limmattal.
Kantonen Zürich har 1,22 millionar innbyggjarar - dei fleste av dei tysktalande og protestantiske - og eit areal på 1729 km². Storbyområdet kring Zürich har nesten to millionar innbyggjarar.[6]
Historie
endreZürich var opphavleg ei keltisk busetjing og hadde i romartida eit kastell som heitte Turicum. I høgmellomalderen låg det ei borg for dei tyske kongane og keisarane og i 1218 vart byen ein fri keisarby. I 1351 vart byen medlem av Det sveitsiske eidssambandet. I reformasjonstida var Zürich eit sentrum for protestantisme. Huldrych Zwingli innførte protestantisme her i 1523, og i åra som følgde vart bandet mellom kyrkja og styresmaktene i byen sterke.[7] Konflikt mellom protestantiske og katolske område førte til dei to Kapellerkrigane i 1529 og 1531. Under Trettiårskrigen blei det bygd ein ny sterk bymur rundt byen. Kostnadane til dette førte til store protestar frå landområda underlagt byen; desse blei slått ned.
I 1648 erklærte Zürich seg som republikk. Han hadde makt over store landområde og var den viktigaste bykantonen utanom Bern. Landdistrikta i kantonen Zürich var fram til den helvetiske revolusjonen i 1798 underlagt byen utan at innbyggjarane her hadde politiske rettar.[7] 1803-1805 blei Zürich og Zürich-kantonen skilde og eigedommane delte mellom dei. Frå 1830-åra vart dei fleste murane rundt byen rivne som eit symbol på tilnærminga mellom by og land. Motstand mot det radikale liberale styret i byen førte til ein reaksjonær oppstand den 6. september 1839, kjend som «Züriputsch».
I 1869 vart det innført ei demokratisk forfatning i byen. Børsen i Zürich vart skipa i 1877, og byen vart deretter eit viktig internasjonalt senter for finansvesen og industri. Før og under både første og andre verdskrigen vart byen tilfluktsstad for politiske flyktningar, særleg frå Tyskland og Russland.[7] Zürich såg kraftig økonomisk vekst i etterkrigsåra.
Næringsliv, utdanning og kultur
endreZürich har universitet, teknisk høgskole, finanssentrum og tekstil-, maskin- og grafisk industri. Fleire finansinstitusjonar og store bankar ligg i byen. Mange forskings- og utviklingssenter ligg òg i Zürich, og dei låge skattane trekkjer til seg mange utanlandske selskap som har hovudkvartera sine her.
Mange museum og kunstgalleri ligg i byen, som Det sveitsiske nasjonalmuseet, Kunsthaus, Centre Le Corbusier og Uhrenmuseum Beyer.[8] Schauspielhaus Zürich er eit av dei viktigaste teatera i den tysktalande verda.[9]
Gamlebyen i Zürich har fire viktige kyrkjer: Grossmünster frå 1100-talet, som var utgangspunktet for den sveitsiske reformasjonen; Fraumünster, eit tidlegare nonnekloster, St. Peter, som fekk den største urskiva i Europa i 1538 og Predigerkirche i romansk stil med eit høgt klokketårn i gotisk stil.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 https://data.stadt-zuerich.ch/dataset/b90c0f3b-b400-4563-8ae1-5d06e4e98880/resource/19dd9141-1770-4fac-829f-4afe04d74d60/download/bev322od3222.csv.
- ↑ World's 10 Most Powerful Cities prlog.org. Vitja 19. mars 2012
- ↑ «2007 World-wide quality of living survey». Mercer. 2. april 2007. Henta 19. mars 2012.
- ↑ «Mercer's 2008 Quality of Living survey highlights». Mercer. 10. juni 2008. Henta 19. mars 2012.
- ↑ Mercer – Quality of Living global city rankings 2009 – Mercer survey, 28 April 2009
- ↑ The Zürich Metropolitan Areal: a motor for Europe Arkivert 2012-03-09 ved Wayback Machine., Stadt-zuerich.ch. Retrieved on 2010-03-10
- ↑ 7,0 7,1 7,2 Thorsnæs, Geir. «Zürich: by» (23. november 2012). Store norske leksikon. Fri artikkel henta 8. januar 2015.
- ↑ Museums and galleries[daud lenkje] Zürich-relocation.ch. Henta 19. mars 2012
- ↑ Zürich Culture worldtravelguide.net. Henta 19. mars 2012
- Delar av denne artikkelen bygger på «Zurich» frå Wikipedia på engelsk, den 8. januar 2015.