You're My Best Friend
You're My Best Friend Singel av Queen frå albumet A Night at the Opera | ||
B-side | ||
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. mai 1976 | |
Innspelt | 1975 | |
Sjanger | Poprock[1] | |
Lengd | 2:52 | |
Selskap | EMI (UK), Elektra (US) | |
Komponist | John Deacon | |
Tekstforfattar | John Deacon | |
Låtskrivar(ar) | John Deacon | |
Produsent | Roy Thomas Baker og Queen | |
Queen-kronologi | ||
«Bohemian Rhapsody» (1975) |
You're My Best Friend | «Somebody to Love» (1976)
|
«You're My Best Friend» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av bassgitaristen John Deacon. Han var opphavleg gjeven ut på A Night at the Opera i 1975, og seinare som ein eigen singel. I USA klatra «You're My Best Friend» til ein sekstande plass på singellista.[2] Songen finst òg på konsertalbumet Live Killers (1979) og på samlealbuma Greatest Hits (1981), Absolute Greatest (2009) og Queen Forever (2014).
Historie
endreDeacon skreiv songen for kona si, Veronica Tetzlaff. I songen spelar han eit Wurlitzer elektrisk piano i tillegg til å spele bass.[3] Det karakteristiske «bjeffet» frå bassnotane til wurlitzeren er markant i songen. Under konsertversjonane av songen spelte Freddie Mercury flygel i staden for elektrisk piano på songen, medan Deacon berre spelte bassgitar.
Songen vart nytta som bakgrunnsmusikk i fleire fjernsynsseriar, som Hot in Cleveland, EastEnders, My Name is Earl, The King of Queens og The Simpsons.[4] Han vart òg nytta under rulleteksten til komedien Shaun of the Dead i 2004.
Musikkvideo
endreMusikkvideoen var regissert av Bruce Gowers, og syner bandet i ein enorm ballsal omgjeve av over tusen stearinlys, inkludert i ei enorm lysekrone.[5] Videoen vart filma i april 1976[5] i Elstree Studios i London. Her kan ein sjå Deacon spele flygel i staden for det elektriske pianoet han brukte på innspelinga.[6]
Lister
endre
Vekeslisterendre
|
Årslisterendre
|
Medverkande
endreAndre versjonar
endre- The Supernaturals, Come Again (samlealbum, 1997)
- Giuliano Palma & the Bluebeaters, Long Playing (2005)
- Rock4, A Night at the Opera (2006), ein acappellaversjon av Queen-albumet.
- Straight No Chaser, With a Twist (2010)
- Melvins, Everybody Loves Sausages (2013), som «Best Friend»
- Stevie Ann, singel (2014)
- The Once, Row Upon Row of the People They Know (2011)
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «You're My Best Friend (Queen song)» frå Wikipedia på engelsk, den 20. juni 2016.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Erlewine, Stephen Thomas. «At Night at the Opera review». Allmusic. Henta 20. juni 2016.
- ↑ Whitburn, Joel (2004). The Billboard Book of Top 40 Hits: Eighth Edition. Record Research. s. 513.
- ↑ «You're My Best Friend by Queen». songfacts.com. Arkivert frå originalen 6. oktober 2008. Henta 10. mars 2010.
- ↑ http://www.imdb.com/name/nm1277102/
- ↑ 5,0 5,1 Promo Videos: You're My Best Friend. Ultimate Queen. Henta 11. november 2011.
- ↑ You're My Best Friend. Ultimate Queen. Henta 11. november 2011.
- ↑ http://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?file_num=nlc008388.4299a&brws_s=&type=1&interval=50&PHPSESSID=vbdjne6sbunltr53j1mv7s61d6
- ↑ http://www.officialcharts.com/search/singles/YOU%27RE%20MY%20BEST%20FRIEND/
- ↑ arkivkopi, arkivert frå originalen 2. april 2015, henta 20. juni 2016
- ↑ http://australian-charts.com/forum.asp?todo=viewthread&id=35092
- ↑ https://www.collectionscanada.gc.ca/rpm/028020-119.01-e.php?&file_num=nlc008388.5173a&type=1&interval=50&PHPSESSID=vp7s0klao6mko0fkbsi6jsebq5
- ↑ http://www.uk-charts.top-source.info/top-100-1976.shtml
- ↑ http://www.musicoutfitters.com/topsongs/1976.htm