Wikipedia:Stilmanual
Sjølv om du gjerne må bruka din eigen skrivestil for å få fram ein god artikkel, har me nokre reglar for korleis artiklane på Wikipedia bør sjå ut. For ei meir utførleg skildring av korleis ein kan skriva og formatera ei side, sjå Hjelp:Endre ei side.
Standardoppsett
endreDen første setninga i ein artikkel bør innehalda artikkelnamnet i feit tekst og oppsummera artikkelen, til dømes slik:
'''Stortinget''' er den lovgjevande forsamlinga i Noreg.
- Stortinget er den lovgjevande forsamlinga i Noreg.
Hugs å bruka heile setningar! Wikipedia har god plass, og treng ikkje ty til telegramstil.
Rekkefølgje
endre- Infoboksar av typen som ligg til høgre på sida, skal plasserast øvst i artikkelen, før den første setninga. Eventuelt øvst i høvande bolk.
- Sjølve artikkelteksten
- Sjå òg – lenkjer til andre nærliggande tema.
- Fotnotar – utfyllande kommentarar o.l.
- Kjelder – under overskrifta ==Kjelder==
- Litteratur – under overskrifta ==Litteratur==
- Bakgrunnsstoff og eksterne lenkjer – under overskrifta ==Bakgrunnsstoff==
- Navigasjonsmalar og andre malar (spire, autoritetsdata)
- Kategoriar
Døme: Noreg
Lenkjebruk
endreEin kan laga lenkjer av ord eller uttrykk som er interessante eller som kan trenga ei nærare forklaring. Prøv å få til ein balanse slik at einkvar artikkel har ein del lenkjer, utan at det blir så mange av dei at dei slår kvarandre i hel. For meir, sjå Wikipedia:Korleis redigera ei side.
Bibliografiformat
endre- Heile verk (bøker (inkl. romanar, diktsamlingar, fagbøker), avhandlingar, tidsskrift (inkludert aviser), CD-ar, LP-ar, operaer, skodespel) blir sette i kursiv.
- Delar av verk (noveller, essay, artiklar, songar, dikt) blir sette i «hermeteikn».
- For meir om dette, sjå Anne M. Hasund Langballe: Bibliografisk standard for prosjektet Henrik Ibsens skrifter. Oslo, 2004.