Vinkelfrekvens
- Må ikkje forvekslast med vinkelfart
Vinkelfrekvens eller angulær frekvens, ω, (òg skrive vinkelfart, radialfrekvens, sirkelfrekvens, omløpsfrekvens eller radianfrekvens) er i fysikk (særleg mekanikk og elektroteknikk) eit skalart mål på rotasjonsrate. Vinkelfrekvens er storleiken til vektorstorleiken vinkelfart. Uttrykket vinkelfrekvensvektor vert stundom nytta som eit synonym for vektorstorleiken vinkelfart.
I SI-einingar vinkelfrekvensen målt i radianar per sekund, med dimensjonane s−1.
Ein runde rundt ein sirkel er lik 2π radianar, dermed
der
- ω er vinkelfrekvensen (målt i radianar per sekund)
- T er perioden (målt i sekund)
- f er frekvensen (målt i hertz)
- v er den tangentielle snøggleiken til eit punkt på rotasjonsaksen (målt i meter per sekund),
- r er radiusen til rotasjonen (målt i meter)
Vinkelfrekvens er difor ein enkel multippel av vanleg frekvens. Det er likevel ofte meir nyttig å nytte vinkelfrekvens i mange høve for å unngå at dukkar opp for mange gonger i uttrykket. Faktisk vert han nytta i mange felt innan fysikk som omfattar periodiske fenomen, som kvantemekanikk og elektrodynamikk.
Til dømes:
Ved å nytte «vanleg» frekvens, vert denne likninga:
Eit anna uttrykk som er mykje brukt når ein held på med små svingingar eller der dempinga er neglisjerbar er:
der
- er fjørkonstanten
- er massen til lekamen.
Dette vert kalla den naturlege frekvensen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Vinkelfrekvens» frå Wikipedia på engelsk, den 14. juli 2009.