Torleiv Spake (Þorleifur spaki) var ein stormann i Meldal kommune i Sør-Trøndelag i siste helvta av 900-talet som var kjent for sine kunnskapar i lovgjevinga og for å ha fostra opp Eirik Håkonsson, son av Håkon Sigurdsson.

Han er nemnd i Soga om Håkon jarl og Soga om Olav Tryggvason ved at han tok i mot frillesonen til Håkon jarl, Eirik, og fostra han opp. Då Eirik var 12 år gammal gav Torleiv han eit langskip, ei femtenesse (15 roarar på kvar side) med fullt utstyr, telt og kost.

Kjelder

endre