Tel Yosef
Tel Yosef (hebraisk תֵּל יוֹסֵף, tyder 'Josefhaugen') er ein kibbutz nordaust i Israel. Han ligg i Jezreeldalen og høyrer til Gilboa regionale kommune. I 2006 hadde han eit folketal på 371.
Tel Yosef | |||
landsby | |||
Land | Israel | ||
---|---|---|---|
Region | Jezreeldalen | ||
Distrikt | Nord distrikt | ||
Kommune | Gilboa regionale kommune | ||
Koordinatar | 32°33′23.39″N 35°24′3.6″E / 32.5564972°N 35.401000°E | ||
Folketal | 401 (2008)[1] | ||
Grunnlagd | 1921 | ||
• Grunnlagd av | Gdud HaAvoda-medlemmar | ||
Tilhøyrsle | Kibbutzrørsla | ||
Tel Yosef 32°33′23″N 35°24′04″E / 32.556497222222°N 35.401°E | |||
Kart som viser Tel Yosef.
| |||
Wikimedia Commons: Tel yosef |
Historie
endreKibbutzen vart grunnlagd i 1921 av medlemmar av Gdud HaAvoda, og vart kalla opp etter Joseph Trumpeldor.
I folketeljinga i 1931 hadde Tel Yosef 72 busette hus og eit folketal på 261, alle jødar.[2]
På det meste hadde han 600 innbyggjarar. Tidleg i 1950-åra oppstod det ei ideologisk usemje, og 250 av innbyggjarane flytta og slo seg ned i den nærliggande kibbutzen Beit Hashita. Støttespelarane til David Ben-Gurion vart verande att i Tel Yosef.[3]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Tel Yosef» frå Wikipedia på engelsk, den 22. februar 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ «Locality File» (XLS). Israelsk statistisk sentralbyrå. 2008. Henta 10. oktober 2014.
- ↑ E. Mills, red. (1932). Census of Palestine 1931. Population of Villages, Towns and Administrative Areas. Jerusalem: Government of Palestine. s. 81.
- ↑ Laughing All the Way to Middle Class, Amiram Cohen, TheMarker Haaretz, end of the year magazine, desember 2008, s. 28–31