Seamus Heaney
Seamus Justin Heaney (3. april 1939–30. august 2013) var ein irsk poet, dramatikar, omsettar og universitetslærar.
Seamus Heaney | |
Statsborgarskap | Irland |
Fødd | 13. april 1939 Castledawson |
Død |
30. august 2013 (74 år) |
Yrke | skodespelforfattar, omsetjar, lingvist, lyrikar, skribent, universitetslærar, skodespelar, forfattar |
Språk | engelsk |
Sjanger | dikt |
Medlem av | Aosdána, Royal Irish Academy, Royal Society of Literature, American Academy of Arts and Sciences, Academia Europaea |
Religion | katolisisme |
Far | Patrick Heaney |
Mor | Margaret Kathleen McCann |
Ektefelle | Marie Devlin |
Seamus Heaney på Commons |
Heaney fekk Nobelprisen i litteratur i 1995 «för ett författarskap av lyrisk skönhet och etiskt djup, som lyfter fram vardagens mirakler och det levande förflutna.»[1][2]
Liv
endreSeamus Heaney kom frå ein katolsk bondefamilie og var den eldste i ein ungeflokk på ni. Faren var kveghandlar.[3] Frå 1951 til 1957 gjekk Seamus på den katolske internatskolen St. Columb’s College i Londonderry,[4] og fra 1957 til 1961 studerte han engelsk språk og litteratur ved Queen’s University i Belfast.[5] Etter eksamen arbeidde Heaney som lærar ved St. Thomas Secondary School og St. Joseph College i Belfast, og frå 1966 som dosent ved Queen’s University. Seamus Heaney var gift med læraren Marie Devlin; saman fekk dei to søner.[5]
Virke
endreDei første dikta til Heaney kom i London- og Belfast-baserte tidsskrift etter 1961. Han grunnla tidleg eit ry som samtidsdiktar med diktsamlingane Death of a Naturalist (1966) og Door into the Dark (1969). Heimlandet er et attvendande tema verka verka hans, til dels òg irske segner og myter.
Diktsamlingane Wintering Out (1972) og North (1975) avspeglar på den eine sida konflikten i Nord-Irland, utan at Heaney er ein politisk diktar i eigentleg forstand; på den andre sida høyrer dei både til den irske og den engelske dikttradisjonen, noko som syner den kulturelle identiteten som brite og medlem av den katolske minoriteten i Nord-Irland. Viktigare reint litterært er kanskje dikta der han beskriv naturopplevingar som metaforar for det menneskelege tilværet, som i diktet Death of a Naturalist. I 199 omsette Heaney Beowulf til moderne engelsk på stavrim.
Heaney engasjerte seg i borgarinitiativet Ireland for Europe, som arbeidde for at Irland skulle seie ja til Lisboatraktaten.[6]
Verk
endre- Blackberry Picking
- Mid Term Break
- Eleven Poems (Belfast: Festival Publications, Queen's University, 1965)
- Digging (Faber & Faber, 1966)
- Death of a Naturalist (Faber & Faber, 1966)
- A Lough Neagh Sequence (Manchester: Phoenix Pamphlets Poets Press, 1969)
- Door into the Dark (Faber & Faber, 1969)
- Boy Driving His Father to Confession (Surrey: Sceptre Press, 1970)
- Night Drive (Devon: Richard Gilbertson, 1970)
- Servant Boy (Detroit: Red Hanrahan Press, 1971)
- Wintering Out (Faber & Faber, 1972)
- The Fire i' the Flint: Reflections on the Poetry of Gerard Manley Hopkins (Oxford University Press, 1975)
- North (Faber & Faber, 1975)
- Field Work (Faber & Faber, 1979)
- Selected Poems 1965–1975 (Faber & Faber, 1980)
- An Open Letter (Field Day, 1983)
- Station Island (Faber & Faber, 1984)
- The Haw Lantern (Faber & Faber, 1987)
- New Selected Poems 1966–1987 (Faber & Faber, 1990)
- Seeing Things (Faber & Faber, 1991)
- Sweeney's Flight (mit Rachel Giese, Fotografin) (Faber & Faber, 1992)
- The Spirit Level (Faber & Faber, 1996)
- Opened Ground: Poems 1966–1996 (Faber & Faber, 1998)
- Electric Light (Faber & Faber, 2001)
- District and Circle (Faber & Faber, 2006)
Prisar i utval
endre- 1995 – Nobelprisen i litteratur
- 1975 – Duff Cooper Prize for North
- 1968 – Somerset Maugham Award for Death of a Naturalist
Referansar
endre- ↑ "for works of lyrical beauty and ethical depth, which exalt everyday miracles and the living past".
- ↑ Nobeltildelinga 1995 på nobelprize.org
- ↑ «Hölzerner Bauernlümmel», Die Welt online
- ↑ Wolfgang Wicht: Nachwort. I Norden. North. Gedichte. Reclam, Leipzig 1987, s. 109.
- ↑ 5,0 5,1 Thomas David: Retten Gedichte unsere Seele, Mr Heaney? I Frankfurter Allgemeine Zeitung, 24. desember 2011, nr. 300, s. Z 6.
- ↑ Barbara Klimke: „Diese diffuse Europa-Furcht“, i: Berliner Zeitung, 30. september 2009. (online)
Bakgrunnsstoff
endre- Verk av og om Seamus Heaney i katalogen til det tyske nasjonalbiblioteket
- Nobeltildelinga 1995 på nobelprize.org
- Intervju i The Guardian 8. november 2008