Pete Carr
Jesse Willard «Pete» Carr (fødd 22. april 1950) er ein USA-amerikansk gitarist. Carr spelte på hitar av Joan Baez, Luther Ingram, Bob Seger, Joe Cocker, Boz Scaggs, Paul Simon, The Staple Singers, Rod Stewart, Barbra Streisand, Wilson Pickett, Hank Williams jr. og mange fleire over dei siste fire tiåra. Han har òg spelt inn og produsert fire soloalbum og var eine halvdelen i duoen LeBlanc and Carr. Carr har spelt mykje ved FAME Recording Studio i Muscle Shoals i Alabama og Muscle Shoals Sound Studio i Sheffield i Alabama. Han var sologitarist i den kjende Muscle Shoals Rhythm Section. Carr er kjend for å vere allsidig og bruke både elektrisk og akustisk gitar innan ei rekkje stilartar som folk, rock, pop, country, blues og soul.
Pete Carr | |||
Carr i 2014 | |||
Fødd | 22. april 1950 (74 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Daytona Beach i Florida i USA | ||
Død | 27. juni 2020 | ||
Dødsstad | Florence | ||
Fødenamn | Jesse Willard Carr | ||
Opphav | USA | ||
Aktiv | Sidan 1965 | ||
Instrument | gitar | ||
Tilknytte artistar | LeBlanc and Carr, Hour Glass, Muscle Shoals Rhythm Section | ||
Verka som | musikar, gitarist, musikkprodusent, komponist |
I tillegg har Carr vore lydteknikar og produsent på mange album gjennom åra, og fått fleire Grammy-nominasjonar for dette. I 1974 vart han nominert til to Grammyprisar for Paul Simon-albumet There Goes Rhymin' Simon og i 1981 for Against the Wind av Bob Seger.[1] I tillegg har Carr produsert Bob Seger sitt Stranger in Town med hitten «Old Time Rock and Roll».
Diskografi
endre- Not A Word On It (1976)
- Multiple Flash (1978)
Prisvinnande innspelignar Pete Car har spelt på
endreSongar på toppen av Billboard-lista:
- «If Loving You is Wrong» (1972) av Luther Ingram (R&B) [2]
- «Tonight's the Night» (1976–1977) av Rod Stewart[3]
- «Torn Between Two Lovers» (1977) av Mary MacGregor [4]
- «Woman in Love» (1980) av Barbra Streisand.[5]
- «What Kind of Fool» (1981) av Barbra Streisand.[4]
Album på toppen av Billboardlista:
- Still Crazy After All These Years (1975) av Paul Simon
- Against the Wind (1980) av Bob Seger
- Guilty (1980) av Barbra Streisand[6]
Grammy-vinnande album:
- Still Crazy After All These Years (1976) av Paul Simon
- Against the Wind (1980) av Bob Seger (medprodusent og gitar)
- Guilty (1981) av Barbra Streisand[7]
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Pete Carr» frå Wikipedia på engelsk, den 3. juni 2018.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Rolling Stone, 26. november 1981, s. 53-67
- ↑ Whitburn, Joel (2004). Top R&B/Hip-Hop Singles: 1942-2004. Record Research. p. 274.
- ↑ • Joel Whitburn Presents the Billboard Hot 100 Charts: The Seventies (ISBN 0-89820-076-8)
- ↑ 4,0 4,1 The Billboard Book of Top 40 Hits, 6th Edition, 1996
- ↑ • Joel Whitburn Presents the Billboard Hot 100 Charts: The Eighties (ISBN 0-89820-079-2)
- ↑ «Guilty - Barbra Streisand | Awards». AllMusic. Henta 3. juni 2018.
- ↑ «Biography | The Official Barbra Streisand Site». Barbrastreisand.com. Henta 3. juni 2018.