Lorient
Lorient eller L'Orient, (bretonsk: An Oriant) er ein kommune og hamneby nordvest i Frankrike. Han er sous-préfecture (underprefektur) departementet Morbihan i Bretagne. Byen har like over 60 000 innbyggjarar, medan storbyområdet etter ei folketeljing i 1999 hadde 186 144 innbyggjarar.
Lorient | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Region Departement |
Frankrike Bretagne Morbihan |
Geografi | |
Flatevidd | 17,48 km² |
Flatevidd - By |
17,48 km² |
Innbyggjarar - By (1999) - folketettleik - Storbyområde |
59 189 3 386/km² 186 144 |
Koordinatar | 47°44′N 03°09′W / 47.733°N 3.150°W |
Høgd over havet | 16 m |
Diverse anna | |
Heimeside: www.lorient.fr |
Lorient ligg på sørkysten av Bretagn ved kysten av Atlanterhavet. Elvane Blavet og Scorff munnar ut i Biscayabukta ved Lorient.
Historie
endrePå byrjinga av 1600-talet hadde handelsmenn som handla med India oppretta i varehus i Port-Louis. Dei bygde seinare fleire varehus langs bukta i 1628, på staden som vart kjend som L'Orient (orienten på fransk). Det franske austindiske kompani vart grunnlagd her i 1664 og med løyve frå Kong Louis XIV vart det bygd eit skipsverft her, som hjelpte utviklinga av byen.
Det meste av byen vart øydelagd under den andre verdskrigen, og i dag har Lorient ein ariktektonisk stil frå 1950-åra.