Loch Treig
Loch Treig (skotsk-gælisk Loch Trèig, som tyder 'dødssjøen') er ein 9 km lang innsjø med bratte sider, 20 km aust for Fort William i Lochaber i Highland i Skottland. Det er ingen vegar langs innsjøen, men jernbanen West Highland Line følgjer austbreidda.
Loch Treig | |||
innsjø | |||
med Glen Spean
| |||
Land | Skottland | ||
---|---|---|---|
Innsjøtype | innsjø, reservoar | ||
Koordinatar | 56°50′N 4°44′W / 56.833°N 4.733°W | ||
Loch Treig 56°48′50″N 4°43′37″W / 56.81399°N 4.72704°W | |||
Wikimedia Commons: Loch Treig |
Sidan 1929 har Loch Treig vore eit reservoar, skapt bak Treig Dam. Dette er ein del av Lochaber vasskraftsystem. Då vassnivået vart heva med bygginga av demninga, vart dei vesle grendene Kinlochtreig og Creaguaineach i sørenden lagt under vatn.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Loch Treig» frå Wikipedia på engelsk, den 4. september 2010.