I
I (i) er den niande bokstaven i det latinske og det greske alfabetet (I ι),[1] og den 11. bokstaven i det ukrainske alfabetet.
I | |||
| |||
Bruk | |||
---|---|---|---|
Skriftsystem | Latinsk skrift | ||
Type | Alfabet | ||
Opphavsspråk | Latin | ||
Fonetisk bruk | [i] [iː] [ɨ] [j] [ɪ] [ɯ] /aɪ/ | ||
Unicode | U+0049, U+0069 | ||
Plass i alfabetet | Talverdi: 9 | ||
Historie | |||
Utvikling | |||
Tidsperiode | ~-700 til no | ||
Etterkomarar | • Î • J • Ɉ • İ ı • Tittle • ꟾ • ꟷ • ᛁ • ᴉ | ||
Slektningar | І י ی ࠉ 𐎊 ዪ Ⴢ ⴢ ჲ ☞ ☚ | ||
Anna | |||
Vanleg tilknytte bokstavar | i(x), ij, i(x)(y) | ||
Tilknytte tal | 9 | ||
Skriveretning | Venstre til høgre |
Historie
endreEgyptisk hieroglyf ꜥ | Fønikisk jod |
Vestgresk iota |
Etruskisk I |
Latin I |
---|---|---|---|---|
I fønikisk skrift kan bokstaven ha opphav i ein egyptisk hieroglyf av ein arm som stod for lyden /ʕ/, ein stemd faryngal frikativ. På semittiske språk heiter bokstaven jod og står for lyden /j/, ein halvvokal (konsonantisk i).[1] Det semittiske ordet for arm byrjar med denne lyden.
Då bokstaven blei del av det greske alfabetet blei han kalla iota og nytta for vokalen i.[1] På latin blei bokstaven nytta både som i- og j-lyd.[1] I dei siste tiåra fvt. og seinare nytta ein ein lang i-lyd eller ij-lyd ved å gjere streken i bokstaven ekstra lang.[1] Frå 1100-talet vart det vanleg å sette ein tynn strek over bokstaven, og frå 1300-talet sette ein i staden ein prikk over for å skilje han ut.[1]
Den moderne bokstaven j byrja som ein variant av i. Begge blei nytta for både vokalen og konsonanten over lang tid, og blei fyrst klart skilde på 1500-talet.[2]
I runealfabetet er bokstaven den tredje runa i andre ætt.[1]
Bruk
endreOrtografi | Fonem |
---|---|
Standardkinesisk (pinyin) | /i/ |
Engelsk | /ɪ/, /aɪ/, /ə/, /ɜː/, /aɪə/, /j/ |
Esperanto | /i/ |
Fransk | /i/, /j/ |
Færøysk | [ʊi][1] |
Italiensk | /i/, /iː/, /j/ |
Kurmanji (hawar) | /ɪ/ |
Portugisisk | /i/, /j/ |
Spansk | /i/, /ʝ/ |
Tyrkisk | /ɯ/ for i utan prikk ⟨I, ı⟩ |
/i/ for i med prikk ⟨İ, i⟩ | |
Tysk | /ɪ/, /iː/, /i/ |
Bokstaven i uttrykker ord på både norsk og engelsk: På norsk er «i» ein preposisjon, medan på engelsk er «I» det personlege pronomenet for første person, eintal, i subjektsform.
I kan stå for
endre- det kjemiske symbolet for grunnstoffet jod
- talet 1 skrive med romartal
- nasjonalitetskjennemerke for bilar frå Italia
- på bilskilt frå Austerrike: Innsbruck
- på norske bilskilt før 1971: Aust-Agder fylke
- latinsk og romersk forkorting for imperator. På latinsk kan forkortinga òg tyde Julius, Junius, Juno, Jupiter med fleire.
i er det matematiske symbolet for √–1.
Kjelder
endre- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 1,5 1,6 1,7 «I_-_bokstav» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Calvert, J. B. (8 August 1999). «The Latin Alphabet». University of Denver. Arkivert frå originalen 21. september 2022.