Halvørken
Halvørken viser til landområde prega av tørke, lite nedbør og svært sparsam vegetasjon. Ein reknar med at halvørkenområde har ei årleg nedbørsmengd på under 250 mm.[1] Det finst likevel inga tydeleg grense mellom busksteppe, halvørken og eigenleg ørken.[2]
Halvørkenar er biomar som liknar ørken. Ein finn dei til dømes i delar av sørvestlege USA og nordvestlege Mexico, der vegetasjonen er dominert av kaktus og andre sukkulentar. Halvørkenar finst vidare i indre Australia, områda nord og aust for Kaspihavet og i dei sørlege og nordlege utkantane av Sahara.
Sjå òg
endreKjelder
endre- ↑ Definisjon på halvørken Arkivert 2016-03-06 ved Wayback Machine. frå den engelske miljøtermbasen ETDS (Environmental Terminology and Discovery Service).
- ↑ halvørken, Den Store Danske.
- Denne artikkelen bygger på «Halvørken» frå Wikipedia på bokmål, den 25. februar 2015.