Episenter er punktet på jordoverflata rett over eller under utgangspunktet for eit jordskjelv eller ei anna hending som påverkar jordoverflata.

Skisse av kvar episenteret er.

Ved jordskjelv er episenteret rett over hyposenteret, som er utgangspunktet til skjelvet. Ved sprenging av atomvåpen i lufta eller på overflaten er episenteret rett under detoneringspunktet, medan ved sprenging under bakken ligg episenteret rett over detoneringspunktet. Det er her på episenteret skadeskalaen er på det høgaste. Episenteret er senteret der jordskjelvet er mest kraftig.

Kjelder

endre