Częstochowa
Częstochowa[a] er ein by sør i Polen ved elva Warta. Han har om lag 250 000 innbyggjarar. Han høyrer til Schlesiske voivodskap og var tidlegare hovudstad i Częstochowa voivodskap (1975-1998).
Częstochowa | |||||
---|---|---|---|---|---|
Jasna Góra-klosteret | |||||
| |||||
Motto «Częstochowa to dobre miasto» (Częstochowa er ein bra by) | |||||
Plassering | |||||
Styresmakter | |||||
Land Voivodskap |
Polen Schlesiske voivodskap | ||||
Grunnlagd Byrettar |
1000-talet 1356 | ||||
Borgarmeister | Tadeusz Wrona | ||||
Geografi | |||||
Flatevidd - By |
160 km² | ||||
Innbyggjarar - Totalt (2006) - folketettleik |
246 129 1538/km² | ||||
Koordinatar | 50°48′0″N 19°7′0″E / 50.80000°N 19.11667°E | ||||
Diverse annan informasjon | |||||
Postnummer | 42-200 til 42-229, 42-263, 42-271, 42-280, 42-294 | ||||
Telefon-retningsnummer | +48 34 | ||||
Bilnummer | SC | ||||
Nettstad: www.czestochowa.pl |
Byen er kjend for det paulinsk klosteret Jasna Góra der måleriet Den svarte Madonna, ein heilagdom av Jomfru Maria, finst. Kvart år reiser millionar av pilegrimar frå heile verda til Częstochowa får å sjå det. Det er òg eit arkeologisk utgravingsområde etter Lausitzkulturen ved byen og 15 km utanfor byen, i Olsztyn, står ei borg frå mellomalderen.
Namn
endreNamnet på byen tyder «staden til Częstoch» og kjem frå førenamnet Częstoch som i skriftlege kjelder frå mellomalderen òg vert skrive som Częstobor eller Częstomir. Alternative stavemåtar på polsk for dette bynamnet er Czanstochowa (1220) eller Częstochow (1382, 1558).
Merknadar
endreKjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Częstochowa» frå Wikipedia på engelsk, den 15. juni 2008.