Brunjernstein
Brunjernstein eller limonitt er ei naturleg blanding av vasshaldige jernoksid, ofte i amorf eller kryptokrystallinsk form, og dannar gjerne jordaktige eller tette massar med brun farge. Det er eit vanleg sekundærprodukt som oppstår ved forvitring og oksidasjon av jernhaldige mineral, eller det kan dannast ved uorganisk eller biogen utfelling i myrar og innsjøar, til dømes som myrmalm, eller i marine avsetningar. Den viktigaste bestanddelen er mineralet goethitt, FeOOH, men ofte inngår òg hematitt og lepidokrokitt (ei polymorf form av FeOOH), og dessutan ulike forureiningar og adsorbert vatn. Som bestanddel av såkalla minettemalm er det ein viktig jernmalm.
Brunjernstein | |||
| |||
Generelt | |||
---|---|---|---|
Kategori | Amorf, mineraloid | ||
Kjemisk formel | FeO(OH)·nH2O | ||
Strunz-klassifisering | Uklassifisert | ||
Identifikasjon | |||
Farge | Forskjellige variantar av brun og gul | ||
Krystallform | Finkorna samlingar, pulveraktig belegg | ||
Kløyv | Finst ikkje | ||
Brot | Ujamn | ||
Mohs hardleiksskala | 4 - 5½ | ||
Glans | jordaktig | ||
Strekfarge | Gulbrun | ||
Transparens | Ugjennomsiktig | ||
Spesifikk vekt | 2.9 - 4.3 | ||
Tettleik | 2.7 - 4.3 g/cm3 | ||
Kjelder | [1][2][3] |
Kjelder
endre- Brunjernstein. (14. februar 2009). I Store norske leksikon. Henta 14. februar 2014 frå http://snl.no/brunjernstein.
- ↑ «Limonite mineral information and data.». Henta 16. oktober 2011.
- ↑ «Mineral 1.0: Limonite». Arkivert frå originalen 21. februar 2019. Henta 16. oktober 2011.
- ↑ «LIMONITE (Hydrated Iron Oxide)». Henta 16. oktober 2011.[daud lenkje]
Bakgrunnsstoff
endre Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Brunjernstein