Brønnbåt

fartøy for frakting av levande fisk

Brønnbåt eller kvase er eit fartøy til transport av levande fisk. Ein brønnbåt skil seg frå andre båtar ved at lasterommet er ein brønn med sirkulasjon av friskt sjøvatn, slik at ein kan frakta fisk som er fanga eller frå oppdrettsanlegg levande fram til tilverkings- eller salsstad.[1]

Ein moderne brønnbåt for transport av oppdrettsfisk, MS «Viknatrans», her fotografert i Vikna. Reiarlaget er Norsk Fisketransport/NTS.
Foto: William Lee-Wright

Referansar

endre
  1. «Brønnbåt». Store norske leksikon. 23. februar 2018. Henta 14. august 2018.