Birger Hatlebakk
Birger Hatlebakk (20. august 1912–27. mars 1997), fødd i Elnesvågen i Fræna kommune, var ein norsk forretningsmann, skipar av industriverksemdene Glamox og Moxy og politikar. Han var vararepresentant på Stortinget frå Møre og Romsdal for Venstre i perioden 1969 til 1973.[1]
Birger Hatlebakk | |||
Fødd | 20. august 1912 Fræna | ||
---|---|---|---|
Død | 27. mars 1997 (84 år) | ||
Statsborgar av | Noreg | ||
Parti | Venstre | ||
Yrke | politikar | ||
Alle verv |
Utdanning og karriere
endreBirger Hatlebakk studerte til sivilingeniør ved NTH og underviste deretter ved Trondheim Tekniske Skole ei tid (1941). Samtidig eksperimenterte han med teknologi for produksjon av mellom anna vindmøller, koplingsbokser for elektriske anlegg, dørvridarar og det som skulle bli det viktigaste bidraget hans, glamoxering (1948), som er ei elektrokjemisk overflatebehandling av aluminium som gjorde overflata blank og veleigna som reflektorar i lysrøyrarmaturar. På grunnlag av denne teknologien som han utvikla, starta han bedrifta Glamox i 1950, som blei flytta til Molde i 1957, og som produserte lysarmaturar og elektriske varmeomnar. I 1974 etablerte han ein fabrikk for produksjon av dumparar, Moxy, i heimbygda Elnesvågen.
Referanse i populærkultur
endreBirger Hatlebakk er referert til i songen «Arne Armoen og personalsjefen» (1975) av Vømmøl Spellmannslag: Takket være strukturrasjonalisering, kapitalinvestering, indoktrinering, hatlebakkisering, sentralisering og inflasjon.
Heider
endre- Norske Ingeniørers Forenings gullmedalje for utvikling av det tekniske miljø (1993).
Litteratur
endre- John Hollen, Ved slottets port: historien om Birger Hatlebakk, 1991
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Birger Hatlebakk» frå Wikipedia på bokmål, den 8. mai 2010.