Konjunktivitt
Konjunktivitt eller augekatarr er ein inflammasjon av konjunktiva i auga. Det er den klart vanlegaste augesjukdommen og alvorsgraden kan vere frå heilt ufarleg til synstruande. Han består i ein inflammasjon av konjuktiva, og kan delast inn etter utløysande årsak.
Akutt
endreDette er det vanlege raude auge allergikarar får om dei kjem i kontakt med allergenar (kattehår, pollen etc.).
Kronisk
endreArtar seg som dobbeltsidig raudt auge med kløe og renning. Kan oppstå ved særs uttalt allergi, og kan då vere sesongavhengig (pollensesong).
Infeksiøs konjunktivitt
endreAmøboid
endreSjeldan årsak til konjuktivitt i Noreg, men kan vere veldig alvorleg.
Bakteriell
endreAlvorleg form for konjuktivitt som krev behandling. Mogelege agens er Pseudomonas aeruginosa, Neisseria Gonorrhéa og Chlamydia tracomatis (dei to siste hos barn ved smitte frå fødselskanalen - sjeldan).
Er i dag sjeldne former for bakterielle konjunktivittar. Kan oppstå hos nyfødde barn om mødre har ein genital infeksjon. I byrjinga av 1800-talet var desse infeksjonane langt vanlegare, og ein dryppet alle nyfødde med lapisdråpar i augo (Credés profylakse).
Viral
endreDen vanlegaste og minst alvorlege forma for infeksiøs konjunktivitt. Vanleg epidemi i barnehagar, og vil som regel ikkje trenge behandling.
Irritativ konjunktivitt
endreMekanisk
endreFramandlekamar i auga kan irritere og gje konjunktivitt. Ved langvarig irritasjon kan dei gje epitelskadar.
Toksisk
endreKjemiske stoff (syrer, baser, vaskemiddel etc.) som kjem i auge kan irritere og gje konjuntivitt.
Behandling
endreAllergisk konjuktivitt
endreVert behandla med antihistamin (cetrizin) eller steroidar.
Infeksiøs konjunktivitt
endreBakterielle og amøboide vert behandla med antibiotika (chloramphenicol, erythromycin). Virale vert i utganspunktet ikkje behandla, men kan eventuelt behandlast med antivirale midlar (aciklovir).
Irritativ konjuntivitt
endreVert behandla ved å fjerne irriterande årsak (t.d. skylje auge, fjerne framandlekamen etc). Ved behov kan ein gje smertestillande augedropar (ibuprocain).
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Konjunktivitt» frå Wikipedia på bokmål, den 7. november 2008.