Begna
Begna er hovudelva i Begnavassdraget. Ho renn frå Filefjell i den sørlege delen av Jotunheimen, gjennom Valdres og sørover til Nes i Ådal, der ho renn ut i Sperillen. Frå Sperillen renn Ådalselva vidare gjennom Ådal til Hønefoss, der elva renn saman med Randselva og dannar Storelva. Denne munnar ut i Tyrifjorden, mellom Averøya naturreservat i Ringerike og Onsakervika på Røyse i Hole.
Begna | |||
elv | |||
Sørum (1880–1890), med dampskipskaia og DS «Bægna».
Foto: Axel Lindahl | |||
Land | Noreg | ||
---|---|---|---|
Fylke | Buskerud, Innlandet | ||
Kommunar | Ringerike, Sør-Aurdal, Nord-Aurdal, Vestre Slidre, Vang | ||
Nedslagsfelt | 4 875 km² | ||
Renn gjennom | Valdres, Hønefoss | ||
Lengd | 213 km | ||
Kjelde | Filefjell | ||
• høgd | Om lag 1 900 moh. | ||
Munning | Tyrifjorden | ||
• høgd | 63 moh. | ||
Begna 60°10′00″N 10°16′00″E / 60.166666666667°N 10.266666666667°E | |||
Wikimedia Commons: Begna |
Elva er 213 km lang og har ein høgdeskilnad på ca. 1850 meter.