Balbina Valverde (28. februar 184026. februar 1910) var ein spansk skodespelar.

Balbina Valverde

Fødd28. februar 1840
FødestadBadajoz
Død26. februar 1910 (69 år)
DødsstadMadrid
Aktive år1858–1910
Verka somskodespelar
BornJulia de Lara Valverde

Biografi

endre

Valverde var fødd i Extremadura, og var syster av komponisten Joaquín Valverde (som saman med Federico Chueca skreinv zarzuelaen La Gran Vía)[1] og bestemor til filmregissøren Fernando Delgado de Lara. Etter at far hennar døydde i 1851, flytta ho med familien til Madrid. Der gjekk ho inn på el Conservatorio, og hadde mellom anna skodespelarar som Julián Romea og José García Luna til lærarar. Med anbefaling frå Ventura de la Vega gjekk ho inn som andre dame i selskapet til Teatro del Príncipe, der ho debuterte 18 år gammal i Vida por honra av Hartzenbusch.

Ho byrja å skinne som karakterskodespelar i verk som La culebra en el pecho og ¿Quién es el autor?, og blei den beste kvinnelege komedieskodespelaren i denne rolla i si tid.[2] Ein reknar med at ho spelte i over 350 teaterstykke, og var ein av favorittskodespelarane til forfattarar som Ramos Carrión, Gaspar y Rimbau, Vital Aza og Emilia Pardo Bazán, som skreiv monologen El vestido de boda for henne.[3]

3. september 1880 leia ho skodespelarane som opna Teatro Lara. Ho blei verande der i 27 år, og var kjend for å alltid koma punktleg til både prøvar og i førestillingar.[4] Den siste stor suksessen hennar var i rolla som doña Sirena, med premieren av Los intereses creados av Jacinto Benavente i 1907, før ho forlet scena for godt.[2] Ho døydde i Madrid i februar 1910. Gravfølgjet gjekk gjennom gamle Madrid, forbi Teatro Español, Comedia, Apolo og til slutt Lara, og dette skal ha vore den einaste gongen Balbina var for seint ute.[5][6]

Ho var svigermor til skribenten Sinesio Delgado, som gifta seg med dotter hennar Julia de Lara Valverde i 1888.

Galleri

endre

Kjelder

endre
  1. Gómez García 1998, s. 860.
  2. 2,0 2,1 Huerta 2005.
  3. Pardo Bazán, Emilia. «El vestido de boda». Henta 21 de junio de 2015. 
  4. Martínez Olmedilla 1947, s. 277.
  5. Martínez Olmedilla 1947.
  6. «Necrológica». Henta 21. juni 2015.