Ei bakevje er ein straum i ei elv eller ein større bekk som på grunn av ei naturleg hindring skjer ut frå hovudstraumen og bøyer attende. Bakevje kan òg opptre i fjordstraumar i samband med flo og fjøre, og i dei store havstraumane.

I overført tyding kan ordet òg tyde eit daudpunkt i forhandlingar eller ei utvikling eller liknande.

Kjelder

endre

«bakevje» i Store norske leksikon, snl.no.