Nina Skeime
Nina Skeime Kostøl (fødd 21. mai 1962) er ein norsk tidlegare langrennar frå Oslo, medlem i Kjelsås Idrettslag.
Nina Skeime | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 21. mai 1962 (62 år) Noreg |
Idrett | langrenn |
Tok del i | Ski-VM 1987, Ski-VM 1989 |
Skeime var med på Noregs lag som vann sølv i 4 x 5 km stafett under Ski-VM 1987 i Oberstdorf, og på laget som to år seinare tok bronse under Ski-VM 1989 i Lahtis. Ho vart noregsmeister på 20 km i 1984, 1985 og 1989, tildelt kongepokalen for triumfane i 1985 og 1989. Saman med Marit Wold og Trude Dybendahl var Skeime med om å vinne NM-gull for Kjelsås IL i 3 x 5 km stafett heile sju gongar i tida 1985-92.
Medaljar og besteplasseringar i noregsmeisterskap
endre- Ski-NM 1982: Nr 8 på 10 km på Raufoss
- Ski-NM 1983: Nr 5 på 10 km på Lillehammer
- Ski-NM 1984: Gullmedalje på 10 km i Hof
- Ski-NM 1985: Gullmedalje på 20 km, sølv på 10 km i Tromsø
- Ski-NM 1986: Nr 4 både på 5 km og 20 km på Vang
- Ski-NM 1987: Bronsemedalje på 20 km i Steinkjer
- Ski-NM 1988:
- Ski-NM 1989: Gullmedalje på 20 km, sølv på 5 km på Geilo
- Ski-NM 1990: Nr 9 på 20 km på Gjøvik
- Ski-NM 1991: Nr 4 både på 10 km og 20 km
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Nina Skeime» frå Wikipedia på bokmål, den 30. mars 2019.