New Mexico
New Mexico er ein delstat i Sambandsstatane. Hovudstaden er Santa Fe. Delstaten grensar til Mexico i sørvest, og har nesten same våpenskjold som landet. I USA grensar delstaten til Texas i aust og sør, Arizona i vest, Utah i nordvest, Oklahoma i nordaust og til Colorado i nord.
New Mexico | |||
delstat | |||
|
|||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Del av | det kontinentale USA, Hjørnestatene, The Far West, Southwestern United States, Mountain States | ||
Hovudstad | Santa Fe | ||
Areal | 314 915 km² | ||
• land | 314 309 km² | ||
• vatn | 606 km² | ||
Folketal | 2 088 070 (2017) | ||
Folketettleik | 7 / km² | ||
Guvernør | Michelle Lujan Grisham (D) | ||
Før innlemming | Nuevo México (1598–1848) New Mexico-territoriet (1850–1912) | ||
Innlemma i USA | 6. januar 1912 | ||
Statsnummer | 47. | ||
Forkorting | NM | ||
New Mexico 34°N 106°W / 34°N 106°W | |||
Kart som viser New Mexico.
| |||
Wikimedia Commons: New Mexico | |||
Nettstad: newmexico.gov |
Geografi
endreNew Mexico har eit variert landskap med ørkenområde i sør og skogsområde og snøkledde fjelltoppar i nord. Eit markant trekk ved geologien i New Mexico er store kalksteinsgrotter, som Carlsbad Cavern og Lechuguilla Cave.
-
Shiprock
-
Wheeler Peak – Sangre de Cristo Range
-
Carlsbad Cavern
-
Ballsalen i Lechuguilla
Historie
endreUnder mellomalderen i Europa heldt pueblo-kulturen til i dagens New Mexico. Ulike urfolk dyrka mais og bygde firkanta hus av soltørka leire, elelr adobe. Det finst framleis samfunn i fleire delar av New Mexico som har vore folkesette i hundrevis av år.
-
Albuquerque
-
Santa Fe
Kjelder
endre- Delar av denne artikkelen bygger på «New Mexico» frå Wikipedia på bokmål, den 25. mars 2024.