Needles and Pins
Needles and Pins Singel av Jackie DeShannon frå albumet Breakin' It Up on The Beatles Tour! | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 11. april 1963 | |
Sjanger | Rock, beat | |
Selskap | Liberty F-55563 | |
Komponist | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Tekstforfattar | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Låtskrivar(ar) | Jack Nitzsche, Sonny Bono |
---|
Needles and Pins Singel av The Searchers frå albumet It's The Searchers | ||
B-side |
«Saturday Night Out» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 7. januar 1964 (UK) | |
Sjanger | Merseybeat, britisk rock and roll | |
Lengd | 2:14 | |
Selskap | Pye 7N15594 (UK)[1] Kapp 577 (USA) | |
Komponist | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Tekstforfattar | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Produsent | Tony Hatch[1] | |
The Searchers-kronologi | ||
«Sweet Nothins» (1963) |
Needles and Pins | «Don't Throw Your Love Away» (1964)
|
Needles and Pins Singel av Smokie frå albumet Bright Lights & Back Alleys | ||
B-side |
«No-One Could Ever Love You More» (Noreg) | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:47 | |
Selskap | RAK | |
Komponist | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Tekstforfattar | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Produsent | Nicky Chinn, Mike Chapman | |
Smokie-kronologi | ||
«It's Your Life» (1977) |
Needles and Pins | «For a Few Dollars More» (1978)
|
Needles and Pins av Ramones frå albumet Road to Ruin | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 1978 | |
Innspelt | 1978 | |
Sjanger | Punkrock | |
Lengd | 2:21 | |
Selskap | Sire | |
Komponist | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Tekstforfattar | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Produsent | Tommy Ramone, Ed Stasium | |
Ramones-kronologi | ||
---|---|---|
«Don't Come Close» (1978) |
Needles and Pins | «I Wanna Be Sedated» (1979)
|
Needles and Pins Singel av Tom Petty and the Heartbreakers og Stevie Nicks frå albumet 'Pack Up the Plantation: Live!' | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 30. desember 1985 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 2:23 | |
Selskap | MCA | |
Komponist | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Tekstforfattar | Sonny Bono, Jack Nitzsche | |
Tom Petty and the Heartbreakers og Stevie Nicks-kronologi | ||
---|---|---|
«Make It Better (Forget About Me)» (1985) |
Needles and Pins | «Refugee (Live)» (1986)
|
«Needles and Pins» er ein song skriven av Jack Nitzsche og Sonny Bono. I sjølvbiografien skriv Bono at han song i lag med gitarspelinga til Nitzsche, og skapte både melodien og teksten ved hjelp av akkordane.[2]
Songen vart først spelt inn av Jackie DeShannon. Andre hitversjonar av songen vart spelte inn av The Searchers, Cher, Tom Petty and the Heartbreakers med Stevie Nicks, Willie DeVille, Gary Lewis & the Playboys, Smokie, the Turtles, Ultima Thule og Ramones. Han vart ein stor hit som gjekk heilt til topps i Frankrike då han vart sungen på fransk av Petula Clark kalla «La Nuit N'en finit Plus».
Jackie DeShannon-versjonen (1963)
endreSongen vart først spelt inn av Jackie DeShannon i 1963. I USA nådde han 84. plassen på Billboard Hot 100 i mai det året.[3] Sjølv om han berre vart ein mindre hit i USA, toppa DeShannon-versjonen singellista i Canada i 1963.
Liste (1963) | Plassering |
---|---|
Kanadiske CHUM-lista | 1 |
U.S. Billboard Hot 100 | 84 |
The Searchers-versjonen (1964)
endreThe Searchers høyrte den britiske artisten Cliff Bennett spele «Needles and Pins» på ein klubb i Hamburg, og ønskte raskt å spele han inn sjølv.[4] Singelen vart gjeven ut på Pye Records i januar 1964.[1] Han gjekk heilt til topps i Storbritannia,[1] Irland og Sør-Afrika og nådde 13. plassen på Billboard Hot 100-lista i USA. Kort tid etter, i april 1964, kom «Needles and Pins» med på det neste albumet til The Searchers, It's the Searchers.
Ein kan høyre knirkinga frå basstrommepedalen gjennom heile innspelinga, særleg i starten av songen.
Liste (1964) | Plassering |
---|---|
Australia Kent Music Report | 2 |
Frankrike | 29 |
Tyskland[5] | 8 |
Irish Singles Chart[6] | 1 |
Sverige | 5 |
UK Singles Chart[7] | 1 |
US Billboard Hot 100 | 13 |
Noreg[8] | 8 |
Sør-Afrika | 1 |
Smokie-versjonen (1977)
endreI 1977 spelte det engelske rockebandet Smokie inn songen som ein rockeballade for albumet Bright Lights and Back Alleys, og fekk ein hit i Europa med songen. Songen gjekk til topps i fleire europeiske land.
Ramones-versjonen (1978)
endreThe Ramones spelte inn «Needles and Pins» i 1978 på album Road to Ruin.
Tom Petty and the Heartbreakers-versjonen (1985)
endreTom Petty and the Heartbreakers gav ut det første konsertalbumet sitt i 1985, Pack Up the Plantation: Live!, der songaren frå Fleetwood Mac, Stevie Nicks song på «Needles and Pins» med Tom Petty i the Forum i Los Angeles i California.
Liste (1985) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 37 |
U.S. Billboard Album Rock Tracks | 17 |
Kanadiske RPM Top Singles | 85 |
Genesis-referanse
endreSongen vert referert i Genesis-songen «Broadway Melody of 1974» frå albumet The Lamb Lies Down on Broadway. Teksten går slik: «And as the song and dance begins, the children play at home with needles...Needles and pins» der linja «Needles and pins» vert sungen med dei originale tonane frå songen.
Kjelder
endre- Denne artikkelen bygger på «Needles and Pins (song)» frå Wikipedia på engelsk, den 13. mars 2015.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- Joel Whitburn's Top Pop Singlar 1955-1990 Record Research, Inc., Menomonee Falls WI, 1990 ISBN 0-89820-089-X
- ↑ 1,0 1,1 1,2 1,3 Rice, Jo (1982). The Guinness Book of 500 Number One Hits (1st utg.). Enfield, Middlesex: Guinness Superlatives Ltd. s. 76. ISBN 0-85112-250-7.
- ↑ Sonny Bono, And the Beat Goes On (New York: Pocket Books, 1991).
- ↑ Joel Whitburn's Top Pop Singlar 1955-1990, Record Research, Inc., Menomonee Falls WI, 1991
- ↑ Kutner, Jon; Leigh, Spencer (26. mai 2010), 1,000 UK Number One Hits (på engelsk), Omnibus Press, ISBN 978-0-85712-360-2, henta 1. august 2022
- ↑ «Chartverfolgung > The Searchers > Needles and Pins» (på tysk). Media Control Charts. Musicline.de. 19. april 1984. Arkivert frå originalen 11. oktober 2012. Henta 12. mars 2015.
- ↑ «The Irish Charts – All There Is To Know». Irish Recorded Music Association. Irishcharts.com. 22. januar 1984. Henta 13. mars 2015.
- ↑ «ChartArchive - The Searchers - Needles And Pins». Archive.is. Arkivert frå originalen 22. juli 2012. Henta 13. mars 2015.
- ↑ Steffen Hung. «The Searchers - Needles And Pins». norwegiancharts.com. Henta 13. mars 2015.