Nuclear Blues

album av Blood, Sweat & Tears
Nuclear Blues
Studioalbum av Blood, Sweat & Tears
Språk engelsk
Utgjeve Mars 1980
Sjanger Rock, jazz
Lengd 42 min
Selskap MCA LAX Records
Produsent Jerry Goldstein
Blood, Sweat & Tears-kronologi 
Brand New Day
(1977)
Nuclear Blues Live and Improvised
(1991)


Nuclear Blues er det 11. studioalbumet til det amerikanske bandet Blood, Sweat & Tears, gjeve ut i 1980, som det første albumet deira på MCA/LAX Records. Nuclear Blues vart produsert av Jerry Goldstein, som tidlegare hadde arbeidd med bandet War. Sjølv om det berre var gått tre år sidan det førre albumet deira, Brand New Day, var heile besetninga i bandet, utanom vokalisten David Clayton-Thomas, byta ut.

Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic2/5 stars [1]

Albumet gjekk ikkje inn på albumlista nokon stad. Denne inkarnasjonen av Blood, Sweat & Tears vart oppløyst året etter, sjølv om det oppstod variantar av gruppa i seinare år som har turnert og gjeve ut konsertalbum. Dette vart derimot det siste studioalbumet deira.

Nuclear Blues kom ut i Tyskland i 1985 under tittelen Latin Fire.

Innhald

endre
Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«Agitato»Bruce Cassidy5:51
2.«Nuclear Blues»David Clayton-Thomas4:24
3.«Manic Depression»Jimi Hendrix4:18
4.«I'll Drown In My Own Tears»Henry Glover7:21
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
5.«Fantasy Stage»David Clayton-Thomas, Robert Piltch5:41
6.«Spanish Wine Suite»Rob Piltch, Bruce Cassidy, Dave Piltch, Vern Dorge, Bobby Economou, Richard Martinez, Earl Seymour15:12

Medverkande

endre
  • David Clayton-Thomas – vokal
  • Robert Piltch – gitar
  • David Piltch – bass
  • Bobby Economou – trommer
  • Richard Martinez – orgel, piano, clavinet
  • Bruce Cassidy – trompet, flygelhorn, elektrisk trompet
  • Earl Seymour – baryton- og tenorsaksofon, fløyte
  • Vern Dorge – alt- og sopransaksofon, fløyte
  • William Smith – korvokal på «Drown in my Own Tears»
  • Lonnie Jordan – korvokal på «Drown in my Own Tears»

Produksjon

endre
  • Produsert av Jerry Goldstein
  • Lydteknikar – Chris Huston
  • Master av Wally Traugott

Kjelder

endre
  1. «Nuclear Blues > Review». Allmusic. Henta 11. mai 2020.