Messingblåseinstrument
Messingblåseinstrument er musikkinstrument der ein får fram tonar ved at leppene vibrerer mot ein tubeforma resonator. Instrumenta er ein type blåseinstrument som i hovudsak er laga av messing.
Messingblåseinstrument blir mykje brukt i korps og brassband, men finst òg i andre typar musikkgrupper. Trompet, trombone, valthorn og tuba er vanlege å finna i eit symfoniorkester.