Christl Haas
Christl Haas (19. september 1943–8. juli 2001) var ein austerriksk alpinist frå Kitzbühel som vart verdsmeister i utfor i 1962 og olympisk meister i same øvinga i 1964.
Christl Haas | |
Statsborgarskap | Austerrike |
Fødd | 19. september 1943 Kitbuhel |
Død | |
Yrke | alpinist |
Språk | tysk |
Christl Haas på Commons |
Haas var heilt suveren då ho under VM i alpine greiner 1962 i Chamonix tok gullmedaljen i utfor-tevlinga, over tre sekundar framom sølvmedaljør Pia Riva frå Italia. To år seinare vann Haas den olympiske gullmedaljen i same øvinga under Vinter-OL i Innsbruck, der ho også vart nummer fire i storslalåm og kom på sjetteplass i slalåm. Til saman gav desse plasseringane henne VM-sølv i kombinasjonen, ei grein som baserte seg på resultata i OL-øvingane. Einast Marielle Goitschel frå Frankrike var betre enn Haas av dei kvinnelege alpinistane under Innsbruck-leikane i 1964.
Under VM i alpine greiner 1966 i Portillo i Chile vart ho nummer fem i utfor-tevlinga. I 1968 fekk Haas si tredje utformedalje då ho i Vinter-OL 1968 i Grenoble fekk ein bronse, slått av landskvinna Olga Pall og franske Isabelle Mir.
I tida 1961-68 vart Haas austerriksk meister åtte gonger: 3 gongar i utfor, 1 i slalåm, 1 i storslalåm og 3 i kombinasjonen.
På ein ferietur til Manavgat i Tyrkia drukna Christl Haas under bading i Middelhavet.
Kjelder
endre- Sportsboken, aktuelle årgangar
- Denne artikkelen bygger på «Christl Haas» frå Wikipedia på tysk, den 22. november 2014.